Frp klart størst i Sula

Ordførarkandidat: Ronny Blomvik er Frp sin ordførarkandidat i Sula.  

Nyheter

Med 99,8 prosent av stemmane talt opp i Sula er Frp det klart største partiet. Med 30,1 prosent av stemmane ligg dei an til å få ni representantar i kommunestyret mot dagens åtte.

Vidare har Ap fått 19,5 prosent av stemmane og ligg an til å få seks representantar, Sulalista med 15 prosent ligg an til å få fire, Høgre med 14,3 prosent ligg an til fire, KrF med 11,2 prosent ligg an til tre, SV med 5,5 ligg an til to og Venstre/MDG med 4,5 prosent ligg an til å få inn ein representant.