Bjørlo klar ordførar-favoritt:

Sterk Venstre-storm ved Stad

Med 36,2 prosent av stemmene er Alfred Bjørlo ein soleklar ordførarfavoritt i nye Stad kommune.

Profilert: Eid sin profilerte ordfører Alfred Bjørlo appelerer til veljarane og gjorde eit nytt godt val. Denne gong som kandidat til ordførarvervet i Stad.   Foto: Ned Alley/NTB scanpix

Nyheter

– Eg er ikkje heilt landa enno. Det er fantastisk gledeleg og overgår det vi håpa på førehand, seier Alfred Bjørlo etter brakvalet han og Venstre har gjort i Stad kommune.

Målingar ei veke før valet tyda på 21 prosent oppslutning, men oppteljing av stemmene viser at Venstre har fått heile 36,2 prosent av stemmene i kommunen som frå årsskiftet blir slått saman av Eid og Selje kommunar, samt bygda Bryggja frå Vågsøy.

Var med i Nytt på nytt

Bjørlo har opplevd gode valresultat også tidlegare. Etter sjukehusstrid i 2011 fekk partiet heile 43 prosent, men då berre i Eid.

– Det spesielle no er at partiet også gjer det godt i den delen av kommunen der Venstre har stått svakare, seier han.

– Det var ikkje noko ulempe for deg å vere med på Nytt på nytt i NRK sist fredag heller gjerne?

– Nei, det var det nok ikkje, men samtidig så hadde Venstre også 33 prosent av førehandsstemmene. Det var godt å vite at det ikkje berre var Nytt på nytt som førte til resultatet, seier Bjørlo med ein god latter.

Fleire Venstre-kommunar

Venstre har gjort det godt i fleire kommunar nær Stad. Både i Vanylven og Bremanger fekk partiet rundt 21 prosent, medan det i nye Kinn fekk over ti prosent oppslutning.

– Venstre har gjort eit dårleg val nasjonalt, men gjer det godt også i andre kommunar på kysten. Kvifor er det slik?

– Det er eit godt spørsmål og ein interessant observasjon. I Vanylven og Eid har Venstre sitjande ordførar og det gir ein ekstra fordel, men samtidig trur eg vi blir oppfatta som eit breitt parti. Vi er opptekne av næringsutvikling og samferdsel. Vi er eit parti som vil utvikle lokalsamfunn og ikkje berre fokusere på smale saker, seier Bjørlo.

Han er oppteken av at Venstre ikkje må prøve å bli eit nisjeparti som berre snakkar enkeltsaker, og han nemner pelsdyr og narkotika som saker der Venstre har fått mykje fokus.

– Eit parti som Venstre vinn aldri val på berre enkeltsaker, seier han.

Sjå på Senterpartiet

Bjørlo meiner det er viktig for ein politikar å vise at ein bryr seg om folk sine moglegheiter til gode liv.

– Og dette er ekstra viktig for å lykkast i distrikta. Sjå på Senterpartiet. Det er eit parti som taler folk flest si sak, og det er den rolla Venstre burde ha teke, meiner han.