Alfred Bjørlo ordførar i Stad

Venstre får dermed den første ordføraren i den nye kommunen. Siri Sandvik frå Arbeidarpartiet vert vara.

Her er Alfred Bjørlo på årets landsmøte i Venstre, då som ordførar i Eid. Foto: Ned Alley / NTB scanpix  Foto: Ned Alley

Nyheter

Høgre får éin fast plass i Formannskapet og leiarplass i eitt av hovudutvala etter nærare avtale mellom dei tre partia.

Venstre, Høgre og Ap har til saman 17 av 33 mandat i det nye kommunestyret i Stad, og dermed fleirtal (Venstre 11, Ap 4 og Høgre 2). Dei tre partia vil samarbeide for å sikre fleirtal i Formannskapet med fem av ni representantar (Venstre 3, Ap 1 og Høgre 1).

Ifølgje Alfred Bjørlo vil ein vil kome tilbake til annan konstituering på eit seinare tidspunkt. Partia er då også opptekne av å få til eit godt samarbeid med dei andre partia i det nye kommunestyret i Stad.

Stad kommune er ein ny kommune frå 1.1.2020 gjennom samanslåing av Eid kommune, Selje kommune og Bryggja i tidlegare Vågsøy kommune. Den nye kommunen får ca. 9.500 innbyggjarar, og blir den fjerde største kommunen i "gamle" Sogn og Fjordane i det som no er Vestland fylke.