Bjørn Prytz blir ny ordførar i Herøy

Dermed blir det Arbeiderpartiet som får ordføraren i Herøy, etter 16 år med Høgre-styre. Bjarne Kvalsvik frå Folkelista blir varaordførar.

Bjørn Prytz tek over i Herøy, etter at Arnulf Goksøyr har vore ordførar dei siste 16 åra. 

Nyheter

Arnulf Goksøyr (H) har vore ordførar i Herøy dei siste 16 åra. Det har lenge vore klart at han gir seg, men dragkampen om kven som tek over har tatt dramatiske vendingar. Mange venta at Høgre (13 mandat), KrF (6) og Frp (3) skulle halde fram sitt valtekniske samarbeid.

Slik vart det ikkje. Både Høgre og Frp bekrefta til Sunnmørsposten onsdag at dei er per då var ute av biletet. Ap (7), KrF (6), Folkelista (4) og Senterpartiet (3) har eit klart fleirtal med sin avtale.

Onsdag kveld vart det klart at Bjørn Prytz (Ap) blir ordførar i Herøy. Bjarne Kvalsvik (Folkelista) blir varaordførar.

– Når Kongen kan styre Norge i ein alder av mange og 80, så må eg kunne klare å styre Herøy, utan samanlikning elles, ler Prytz.

Mange kjenner han som skulesjef, kulturmann, fotballtrenar og keeper. Men no er det altså politikk som gjeld for 74 år gamle Prytz, åndalsnesingen som har budd rundt 50 år på Sunnmøre.

Prytz har éin periode bak seg i kommunestyret tidlegare, men det var på 70-talet.

Linn Therese Sævik og KrF hadde forhåpningar om ordførarvervet, men er nøgd med gjennomslaga dei har fått. Dei får leiar i helse- og omsorg, oppvekst, maritim/teknisk og plan- og byggenemnda.

Partia melder på ein pressekonferanse om veldig tøffe forhandlingar, men opplyser at det har vore konstruktiv dialog. Alle var einige om at Herøy trengde ei forandring.

Frå venstre: Linn Therese Sævik (KrF), Frank-Roy Moltu (Sp) Bjørn Prytz (Ap) og Bjarne Kvalsvik (Folkelista) er leiarane i den nye konstellasjonen som skal styre Herøy dei neste fire åra.