Olav Myklebust trudde han skulle bli ordførar i Sande - kan bli vraka:

Dag Vaagen kan likevel få ny periode som ordførar

Olav Myklebust (Sp) låg an til å bli ny ordførar i Sande, men draumen kan no vere knust. – Det føregår eit spel med skitne triks, seier Myklebust.

VETERAN: Dag Vaagen har vore ordførar dei siste tre periodane. No kan han få ein fjerde.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Dag Vaagen (H) har vore ordførar i Sande i tre periodar. Høgre gjorde eit nytt godt val og gjekk opp frå sju til åtte mandat.