Mannsdominert kommunestyre i Vanylven, men med kvinne som ordførar:

Desse skal styre i Vanylven

15 menn og seks kvinner tek plass i kommunestyret i Vanylven dei neste fire åra.

POPULÆR ORDFØRAR: Lena Landsverk Sande fekk flest personrøyster.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Både Venstre og Senterpartiet fekk inn fire mandat kvar, trass i at Venstre fekk 21,4 prosent oppslutning og Senterpartiet 16,5.

Nykomaren Helsepartiet fekk inn to mandat.

Lena Landsverk Sande (V) blir etter alle solemerke ny ordførar, medan Ingebrigt Berget (blir varaordførar).

Landsverk Sande fekk også flest personrøyster (235) og flest slengarar (115).

Ottar Jan Løvoll (Ap) fekk nest flest personstemmer (126).

Her er heile kommunestyret:

Venstre:

Lena Marie Landsverk Sande (ordførar)
Bjørnar Magne Berge
Vidar Solheim
David Andre Lien

Senterpartiet:

Ingebrigt Berget (varaordførar)
Paul Sindre Vedeld
Solveig Menes
Petter Bondhus

Arbeiderpartiet:

Ottar Jan Løvoll
Mona Stenersen
Knut Aksel Thunem

AP-MANN: Ottar Jan Løvoll går på ein ny periode i kommunestyret. Han fekk nest flest personrøyster.  Foto: Marius Rosbach

Framstegspartiet:

Bjarne Sætrenes
Miriam Nystøyl
Rolf John Aasevik Dyb

Høgre:

Idar Brekke
Katrin Brekke Sunde
Per-Johnny Brekke

KOM INN: Helsepartiet stilte berre liste i éin kommune i Møre og Romsdal, nemleg Vanylven. Nils Olav Moen (tidlegare Frp) blir ein av deira to representantar i kommunestyret. 

Helsepartiet:

Nils Olav Moen
Monika Susanne Skår

Kristeleg folkeparti:

Øystein Blom
Jens Erling Ekroll Lillebø

Kjelde: Vanylven kommune


Venstre største parti Vanylven

Lena Landsverk Sande håper på fire nye år som ordførar.