Røssevoll held fram som ordførar

Det er Arbeiderpartiet som får ordføraren i Sula. Det etter å ha gått inn i eit valteknisk samarbeid saman med Sv, Høgre, Sulalista og Venstre og MDG si fellesliste.

Ordførar Jim-Arve Røssevoll held fram som ordførar i Sula.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Frp fekk 30 prosent av stemmene, medan Arbeidarpartiet fekk 19,4. Sulalista fekk 14,9, Høgre 14,4 og Sv 5,7. Venstre og MDG stilte med fellesliste i kommunevalet i Sula.

Det er 29 plassar i kommunestyret i Sula, og dei fem har til saman 17 mandat.

– Vi har inngått eit valteknisk samarbeid som inneber at eg held fram som ordførar, medan Jan Magnar Sandvik frå Sulalista vert vara. Vi har ikkje fordelt posisjonar i hovudutvalet enno, men vi er einig om nokre grunnleggande prinsipp, seier Røssevoll til Sunnmørsposten.

Røssevoll har vore ordførar i Sula dei siste fire åra og.