Stryn:

Ap vart vraka – Sp, V, KrF og Frp med valteknisk samarbeid

Per Kjøllesdal (Sp) vert ny ordførar i Stryn og Torstein Tvinnereim (V) varaordførar.

Politisk firkløver: Frå venstre Kari Synnøve Muri (KrF), påtroppande ordførar Per Kjøllesdal (Sp), påtroppande varaordførar Torstein Tvinnereim (V) og Anders Magne Vik (Frp).   Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen) Dette vart klart etter svært raske forhandlingar og signering fredag ettermiddag. I avtalen er Senterpartiet, Venstre, KrF og Frp samde om eit reint valteknisk samarbeid.