Varsom.no:

Stor fare for flaum og jordskred på Nordvestlandet

Det kan kome opp til 100 millimeter nedbør i løpet av eit døgn.

Ekstremvêr: Vi får stadig meir ras, flaumar og ekstremvêr.  Foto: Hallstein Dvergsdal / Firda Tidend

Nyheter

Det er venta mykje regn gjennom heile helga. Det kan få konsekvensar.

Varsom.no melder at det er fare for omfattande oversvømmingar, erosjonsskadar og flomskader på utsette stader.

Faregraden er 3, den nest høgaste på flaumvarsel-skalaen.


Stengjer vegen mellom Geiranger og Langvatn

Dei fleste av oss køyrer med sommardekk, men i høgfjellet er det no vinterforhold. Vegvesenet ser seg nøydde til å ta ta grep.


Det same gjeld for jordskredfaren. Det ventast regn og somme stader kraftige regnbyer for midtre og indre deler av Vestlandet og Nordvestlandet, melder Varsom. Frå laurdag ettermiddag/kveld skal nedbøren ta seg opp. Lokalt kan det kome opp mot 100 millimeter i løpet av 24 timar.


Kjøligere vær i vente:

– Snø over 1.000 meter

Skal du over Strynefjellet i helga kan det være lurt å legge om til vinterdekk. Værmeldinga melder snø i vente.


Det er usikkert kva for område som får aller mest nedbør. Skredfaren er størst der bygane treffer. Temperaturen vil stige og nysnøen i fjellet vil smelte.

Bratte skråningar, samt bekker og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er svært høg.


Tusenvis reddet fra flomvann mens uværet raser videre i Spania

Redningsmannskapene jobber på spreng ved Spanias middelhavskyst, som er rammet av det som kan være det verste uværet på 100 år. Minst fire personer er omkommet.