Politiloggen laurdag kveld:

Arrestert for skremmande oppførsel

Ein mann i 30-åra er pågripen i Ålesund laurdag kveld.
Nyheter

Like før klokka 19 melde politiet i Møre og Romsdal at ein patrulje rykker ut etter melding om ein mann og ei dame som krangla/slåst i Ålesund. Like før klokka 19.30 kan politiet opplyse at ein rusa mann i 30-åra er arrestert etter skremmande og plagsam oppførsel.

Politiet i Ålesund rykka også ut til Langevågen etter melding om slåsting, like før klokka 18.30 laurdag kveld.

Det skal vere to personar som slåst, ifølgje Twitter-meldinga. Etter ei tid blei det klart at saka ikkje blir meld til politiet.

Politiet har vore i kontakt med begge partar, og ingen er skadd. Begge er reist heim, ifølgje politimeldinga.