Fleire tatt i fartskontroll

Ein bilførar mista førarkortet i fartskontroll laurdag.
Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal melder om to fartskontrollar laurdag ettermiddag.

I Skorgedalen i Vestnes, på E39, blei ein bilførar stoppa i 116 km/t i 80-sona. Det resulterte i beslag av førarkortet.

I Ljønibbtunnelen, på fylkesveg 60 mellom Stranda og Hellesylt, heldt åtte bilførar for høg fart. Høgste fart var 114 km/t.

Dessutan blir ein bilførar meld til politiet etter mistanke om ruskøyring.