Vindkraftsaka i Haram:

Krev ekstraordinært kommunestyremøte

Ei gruppe politikarar i Haram krev ekstraordinært kommunestyremøte for å behandle vindkraftklage.

Vindkraft: Omtrent slik vil dei åtte vindturbinane på Haramsøya sjå ut frå Longva, ifølgje utbyggingsselskapet Zephyr AS.   Foto: Illustrasjon: Zephyr AS

Nyheter

14 politikarar frå fleire parti har sendt brev til Haram kommune ved ordførar Vebjørn Krogsæter. I brevet ber dei ordføraren kalle inn til ekstraordinært kommunestyremøte, slik at heile kommunestyret får vere med og behandle sak om klage på vindkraftgodkjenninga som NVE har gitt.