Talte få laksar i Søre Vartdalselva – oteren utpeikt til syndebukk

Søre Vartdalselva vart undersøkt i 2018. Elva er ikkje som ho var, og biologar og fastbuande leiter etter svaret på kvifor.

Tolmod: Det har vorte stadig vanskelegare å ta mange laksar i Søre Vartdalselva   Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix (illustrasjonsbilde)

Nyheter

Rågivande Biologer AS undersøkte i fjor Søre Vartdalselva. Den bydde tidlegare på gode laksefangstar. Sesongsnittet frå 1979 til år 2000 var 307 laksar, i sportsfiske-samanheng. Så har det gått bratt nedover, med nokre unntak som i 2015, då det vart tatt 305 individ. I 2018 vart det berre tatt 48 stykk.