< Njål Sævik til kveldsmesse - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Njål Sævik til kveldsmesse

Korleis var oppveksten, og korleis er kvardagen no som Havila-sjef? Det skal Njål Sævik fortelje om under ei kveldsmesse søndag 22. september.

Til messe: Administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping.   Foto: Staale Wattø

Bergsøy Blandakor.  Foto: Privat

Nyheter

Kveldsmessa finn stad i Herøy kyrkje.

Njål Sævik og søskena har saman med faren Per vore med på å byggje opp Havila-selskapet. På kveldsmessa vil han fortelje litt om erfaringane sine.

Ordførarvalet

Samtalen blir leia av Øystein Nerland, som også vil utfordre Njål Sævik om ordførarvalet i Herøy kommune. Nerland vil vite om valet av ordførar har noko betydning for Havila.

Vidare vil Sævik få spørsmål om korleis det var å vekse opp i ein heim der kristen tru og livsstil stod sterkt.

Korsong

Bergsøy Blandakor med Morten Bollerud som dirigent deltek med song. Rolf Dyrhol, vikarprest i Herøy, er liturg.

Vikarierande organist er Atle Hovden Havåg, medan Alette Teige leiar kveldsmessa.