Slik kan neste restrukturering sjå ut for offshore-reiarlaga:

Bankane blir aksjonærar?

Under offshorekonferansen i Fosnavåg diskuterte Advokatfirmaet Selmer moglege strategiar for offshorereiarlag når nye restruktureringsprosessar no står for døra.
Nyheter

Vestlandsnytt: Vi har høyrt og lest mange seie at det går betre i offshorenæringa, men samstundes at krisa på ingen måte er over. I dette ligg det mellom anna at reiarlag gjerne har opparbeida seg veldig stor gjeld til bankane, ei gjeld som i dagens situasjon og marknad er vanskeleg å betene. Då offshorekrisa slo inn, vart det gjennomført det som vert kalla «kick the can»-løysingar, med andre ord, restruktureringar som ikkje inkluderer sletting av gjeld. Reiarlag blei snarare einige med bankane om å skyve gjelda framføre seg, i håp om at det skulle snu. No ser ein at dette kanskje ikkje har vore nok.