Kleven Verft i Ulsteinvik:

Rundt 100 Kleven-tilsette må gå

I dag har Kleven om lag 244 personar på laget.

Pressemøte: Frå venstre HR-direktør Monica Nipen, adm. dir Kjetil Bollestad og finansdirektør Ola Beinnes Fosse.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Adm.dir. i Kleven, Kjetil Bollestad, trur dette må ned til 140 i 2020.

Det ser han på som eit minimumsnivå for å bevare den gode kompetansen i selskapet.

– Vi skal stå på eigne bein frå 2020 og kan ikkje ta for stor risiko. Men ting kan snu, og det kan vere vi får bemanne opp igjen seinare.

Kva for kriterium som ligg til grunn for kven som må slutte i jobben, vil ikkje leiinga gå innpå. Det vert ein intern prosess, samarbeid med fagforeiningane.

Leiargruppa i Kleven er open om at alternativet til å restrukturere, hadde vore å avvikla drifta.

Gjennom eit samarbeid med Hurtigruten og bankane, held Kleven fram vidare. Det skjer ved å starte eit nytt selskap, nye Kleven. Gamle Kleven held fram til eksisterande forpliktingar er oppfylt. Eit døme er hurtigruteskipet MS Fridtjof Nansen.

Nye Kleven begynne å fokusere på mindre oppdrag, reparasjonar – og sist men ikkje minst eit spennande samarbeid med Nordnes AS

Nordnes skal bygge om ein fiskebåt hos Kleven. Båten skal få det siste innan miljøteknologi og andre avanserte løysingar. Til dømes får båten batteripakke – det er første gong i Nordnes historie.

– Kleven har vore gjennom ein skremmande prosess. Vi synest det er stort å få til dette samarbeidet, for både oss, Kleven, Ulsteinvik og Sunnmøre, seier Tormund Grimstad.

– Denne avtalen gir oss mange arbeidstimar, og er svært viktig for at vi får til denne restruktureringa, legg Bollestad til.


Kleven nedbemanner – blir kontrollert av bankane og Hurtigruten

– Vi har ingen garanti for framtida, sjølv om vi har god tru på drift etter 2020, seier adm. dir. Kjetil Bollestad i ei pressemelding.


Sunnmørsposten oppdaterer saka.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter