Dette blir entreprenøren for SNR

Skanska Norge er utpeika som entreprenør for SNR.

F.v. styreleiar Ingve Theodorsen, Johan Arnt Vatnan i SNR og konst. direktør Nils Kvernmo.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

- Vi skal stikke spaden i jorda om eit år, kanskje før, seier Johan Arnt Vatnan om det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Skanska var best på pris og kom godt ut også på andre kriterium, opplyser han til styret i Helse Møre og Romsdal (HMR). Det var tre tilbod å velje mellom.

- Det var tre gode tilbod, ifølgje Vatnan.

Juridisk bistand frå fleire hald skal ha gitt god kvalitetssikring i val av entreprenør. Det er 10 dagars klagefrist før kontrakten eventuelt kan signerast. Full drift ved sjukehuset er planlagt til 1. mai 2024.

Budsjettramma er på 4,4 milliardar kroner og inkluderer å eit medisinsk senter i Kristiansund. Her kan det kome ekstrakostnader - i alle fall har det nye sjukehuset i Østfold opplevd dette, med auka årlege kostnader på nær 400 millionar kroner.

- I så fall må i ta dei tunge diskusjonane om areal, sa Vatnan til styret.

Status for nedbemanninga i HMR tilsvarande 130 årsverk får vi snart vite meir om, truleg før klokka 11.