< Menn med tunnel i sikte - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Stifta Vegforum Rv15

Menn med tunnel i sikte

Pengar til ein ny tunnel over Strynefjellet, med arm til Geiranger, skal inn på Nasjonal Transportplan (NTP). Det skal iallfall eit nystarta Vegforum Rv 15 arbeide for.

Tunellmenn: Interimstyret i Vegforum Rv 15 består berre av menn. Frå venstre Jan Thormodsæter, Maritim Forening Søre Sunnmøre, Rolf Olav Tenden, Norges Lastebileigarforbund, Stein Aam, Ørsta kommune, Sven Flo, Stryn kommune og Pål Bakke, NHO Møre og Romsdal. I tillegg er Nils Støyva frå LO og ein representant frå Regionrådet i Innland fylke med.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Vegforum Rv15 vart stifta på eit møte i Geiranger onsdag. Deltakarar i forumet er kommunar på Sunnmøre, i Nordfjord og Ottadalen – samt organisasjonar og fylkeskommunane Møre og Romsdal, Vestland og Innlandet.