Slik går det med omstillinga i HMR

Vi har kanskje overvurdert kor mykje det er å spare på struktruelle endringar, antyda konst. dir. Nils Kvernmo overfor styret.

Konst. adm.dir Nils Kvernmo.  Foto: Staale Wattø

Anette Lekve (t.v) og Hilde Furnes Johannessen er begge tilsettrepresentantar i styret.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Helse Møre og Romsdal (HMR) skal i haust spare pengar tilsvarande 130 årsverk, dvs rundt 85 mill. kroner. Onsdag får styret ei orientering frå konst. direktør Nils Kvernmo.

Kvernmo ga klart inntrykk av å vere optimistisk, og at 2020 blir første år Helse Møre og Romsdal går i pluss.

Han opplyser at alle klinikkane no har levert forslag. Fleire klinikkar har også levert forslag til korleis dei kan auke inntektene.

Frå og med oktober skal kuttarbeidet rapporterast til styret.

- Overvurdert strukturelle endringar

- Vi har kanskje overvurdert kor mykje det er å spare på struktruelle endringar, antyda han.

Løysinga ligg snarare i å jobbe annleis, for det er ikkje optimal ressursutnytting og optimale arbeidsmetodar i HMR i dag. Ved å unngå feilbehandling og overbehandling antyda han at det er mykje å spare.

- Det er kunnskap rundt dette som vi treng å få mobilisert, sa Kvernmo.

Undersøkingar i fleire andre land viser at feilbehandling som må rettast opp utgjer 12-15 prosent av helsebudsjettet. I tillegg kjem kanskje overbehandling.

Dette er i tråd med det forgjengaren, Espen Remme, sa. Viss alle i Helse Møre og Romsdal følgjer «beste praksis» i helseføretaket, ville HMR heilt klart gå med overskot, sa Remme til Sunnmørsposten like før han måtte gå i april i år.

- Stor usikkerheit blant tilsette

Samtidig er det mykje bruk av overtid og stor vikarbruk. Mange tilsette forstår ikkje korleis det kan vere mogleg å få til desse innsparingane.

Det sa tilsettrepresentantane Anette Lekve (Volda) og Hilde Johannessen (Ålesund) i styret. Det var tydeleg at dei er bekymra. Sigurd Heian (Molde) la til at det er viktig å ikkje undervurdere dei tilsette, utan at har grunnlag for å seie at det faktisk blir gjort i dag.

Styreleiar: Særdeles krevjande

Meirforbruket i år kan ende på 88 millionar kroner. Kvernmo brukte sterke bilde på kor alvorleg han meiner den økonomiske situasjonen er.

- Vi driv no på med å fyre med bordkledninga, og det er snart ikkje meir bordkledning å fyre med, ifølgje Kvernmo.

- Dette er ein særdeles krevjande haust, både for administrasjonen og styret, sa styreleiar Ingve Theodorsen då han opna møtet. - Men skal vi få gode og trygge helsetenester for alle, må vi få orden på økonomien. Ein trygg og god økonomi vil også trekke til seg gode fagfolk, sa han vidare.