Hareid:

Hall under bygging sterkt skadd

No kan ikkje arbeidet med ny fotballhall på Hareid fortsette før entreprenøren har fått tak i nytt stål.

Ingen adgang: Hareid kommune åtvarer om at det er svært farleg å bevege seg inn på området.   Foto: Hareid kommune

Nyheter

– Det er veldig irriterande. No vert arbeidet forsinka.

Det seier Odd Erik Moa Søvik, dagleg leiar hos hovudentreprenør Søvik og Skåravik AS, etter at takkonstruksjonen på fotballhallen natt til tysdag vart skadd som følgje av sterk vind.

Søvik opplyser at området no er sperra av.

– Vi har heldigvis forsikring. Det har også underentreprenøren, seier han.

Han fortel vidare at det vert jobba med å kartlegge meir nøyaktig kva som har skjedd og kvifor.

Skal ha vore sikra for vinden som var meldt

Sunnmørsposten har vore i kontakt med dagleg leiar Harald Hansen i Borga Stålbygg. Som underentreprenør har selskapet kontrakt på bygget ferdig levert til hovudentreprenøren.

– Stålkonstruksjonen er under oppføring, og det er mykje vindfang i den. Det var på førehand gitt beskjed om at konstruksjonen skulle sikrast for det veret som var meldt, med vind på opp mot 17 m/s. Så langt eg kjenner til vart dette gjort. Kvifor konstruksjonen ikkje har tolt vindbelastninga den har blitt utsett for, er førebels ikkje klart, så det må vi få komme tilbake til når vi har fått sett på det på nært hald, seier han.

– Har du vore borti noko liknande tidlegare?

– Ikkje personleg. Men eg har sett andre bygg som har tatt skade av ver og vind, seier han.

Om skadar

– Kva gjer de vidare no?

– Vi har ein person ved hallen for å sikre arbeidsstaden. Vidare ventar vi på signal frå forsikringsselskapet om kor tid vi kan starte å planlegge sikkerheita rundt den komande demonteringa. Det må gjerast ei grundig vurdering av sikkerheita: Konstruksjonen står i ein annan type spenn, og ein må vere spesielt varsam når ein tar den ned. Sjølv om vinden ut frå vervarselet skal spakne, er det lite truleg at arbeidet startar før tidlegast om eit par dagar, seier Hansen.

– Ut frå bilda eg har sett, er det skadar på konstruksjonen som truleg gjer at i alle fall delar av den må produserast på nytt. Også dette må vi få kome tilbake til når vi har fått sett grundigare på saka, legg han til.