Til legevakt etter krangel på byen

To svært rusa menn krangla og slo til kvarandre på ein utestad i Ålesund natt til fredag.
Nyheter

Dette melder politiet i Møre og Romsdal like etter midnatt, natt til fredag.

Ein mann som var svært rusa, blei send til legevakt, men skal ikkje vere alvorleg skadd, ifølgje Twitter-meldinga frå politiet.

Den mistenkte i saka var også rusa. Ein krangel mellom partane var årsak til at dei rauk i hop, og begge delte ut nokre slag til kvarandre, ifølgje politiet.