< Tunnel-veteran kjenner frustrasjon i heile kroppen - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Tunnel-veteran kjenner frustrasjon i heile kroppen

– Eg er frustrert så det held, no. Ja, eg trur eg må på fjellet for å få friskare luft, seier Jan Helgøy - tidlegare KrF-ordførar i Vanylven og skipstunnel-pådrivar i over 30 år.

Skuffa: Jan Helgøy, tunnelforkjempar og tidlegare KrF-ordførar i Vanylven. (Arkivfoto)  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

– At det ikkje blir løyvd ei krone til Stad skipstunnel er politisk sjølvskading av ei regjering med fleire statsrådar frå Nordvestlandet, og der KrF også er med. Du skal ikkje vere i tvil om at eg har vore på dei i KrF i forkant, seier Helgøy.