Stryn:

Stenger fylkesveg grunna bygging av tunnel

Fylkesveg i Stryn må utbetrast grunna stor anleggstrafikk. Difor blir vegen stengt kveld og natt neste veke.

Stryn: Bygging av Flotunnelen på fylkesveg 15.  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Statens vegvesen bygger ny tunnel mellom Veslebygda og Storesunde i Stryn. Arbeidet med den nye Flotunnelen slit på fylkesvegen, så det må gjerast utbetringar, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Frå måndag 14. oktober vil vegen bli stengd måndag til og med torsdag, frå kl. 19.00 til 22.30 og 23.30 til 02.00.

– Bygginga av Flotunnelen er eit rassikringssikringsprosjekt, og midlane skal stort sett gå til det. Men massetransporten frå tunnelen har slite på eksisterande veg, og vil slite meir viss det ikkje blir gjort tiltak. Difor vil møteplassar bli utvida, og vegen forsterka nokre stader mellom Veslebygda og riksveg 15, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg i pressemeldinga.

Oppdatering kl. 11.42: Sunnmørsposten skreiv først at det var fylkesveg 15 som skal stengast, det riktige skal vere fylkesveg 722.

Ny tunnel: Statens vegvesen bygger ny tunnel mellom Veslebygda og Storesunde. Den nye Flotunnelen er eit rassikringssikringsprosjekt på fylkesveg 722.  Foto: Statens vegvesen