Avslørt av video

Politiet har fått melding om skadeverk i Fosnavåg. Hendinga blei filma og ein person er avslørt som gjerningsmann.
Nyheter

Laurdag fekk politiet melding om skadeverk på eit køyretøy i Fosnavåg sentrum.

Video på staden av gjerningsmannen har ført politiet til ein lokal mann i 20-åra, melder politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

Skadeverket blir politimeldt. Gjerningsmannen har vedgått forholdet.