Havila Kystruten opplever bevisst feilinformasjon

Ventar på avklaring ved spansk verft

Byggestansen for dei to Kystruten-skipa ved Barreras-verftet i Spania er knytt til verftet sine økonomiske problem. Havila Kystruten har finansieringa på plass.

1 . januar 2021 skal fire slike skip vere klar til å gå mellom Bergen og Kirkenes. Dei to skipa i Tyrkia er i rute, og Havila Kystruten jobbar no for at dei skal klare å oppfylle kontrakten også for skipa som er forseinka i Spania.  Foto: Havila

Nyheter

Dette skriv Havila Kystruten i ei pressemelding måndag. Dei viser til oppslag i media siste dagane med det dei opplever som bevisst feilinformasjon om Havila Kystruten knytt til finansiering og framdrift på bygginga av dei fire kystruteskipa.

– Vi har fullfinansiert alle fire skipa og finansieringa har vore på plass i ein lang periode, seier administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll i ei pressemelding.

Verftstoppar er kasta

Både betaling og bygging av dei to skipa hos Tersane i Tyrkia går etter planen. Hos verftet Barreras i Spania ventar ein no på ei avklaring av verftet sin økonomiske situasjon, ifølgje pressemeldinga.


Kystruter kan bli forseinka:

Problem for Kystruten i Spania

Arbeidet med bygging av Kystruten sine skip i Spania blei stoppa i sommar. Spanske aviser skriv at tekniske problem og manglande betaling frå Havila skal vere årsaka.


Barreras har hatt store vanskar med andre byggeprosjekt, og både styreleiar, administrerande direktør og finansdirektøren ved verftet er kasta. Nyleg tok også verftet ut konkursbeskyttelse, ifølgje pressemeldinga frå Havila.

– Havila Kystruten kan ikkje betale til verftet utan at bankane kan gi oss garantiar, men vi er klare når det er på plass. Havila Kystruten har betydeleg eigenkapital, og i tillegg til inngåtte låneavtalar, er alle dei fire skipa fullfinansierte og har vore det i ein lang periode.


Havila forlengar skip etter trøbbel i Spania

To av skipa til Havila Kystruten kan bli over 130 meter lange.


Har løyst tekniske utfordringar

I sommar vart det klart at det var tekniske utfordringar rundt vekt og djupgang for dei fire skipa. Det er det funne løysingar på både for bygginga hos Tersan og Barreras. Difor ventar no Havila Kystruten berre på økonomisk avklaring hos Barreras.

– Men dette er avhengig av andre aktørar enn oss, verftet sjølv, finansinstitusjonar og andre kundar. Vi håper på ei snarleg avklaring, og straks den er klar, er vi klar. Vi har både finansieringa og dei tekniske løysingane på plass, understrekar Myrvoll.

Jobbar for ei løysing

Havila Kystruten har kontrakt med Samferdselsdepartementet på drift av fire skip på kystruta mellom Bergen og Kirkenes frå januar 2021.

Myrvoll opplyser at dei har tett kontakt med departementet. Framdrifta på dei to skipa i Tyrkia går etter planen, og ein arbeider for å finne ei løysing, slik at ein kan overhalde kontrakten på alle fire skipa.


Havila får kontrakt på kystruta Bergen-Kirkenes

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen offentliggjorde i dag resultatet av anbudskonkurransen for kystruta Bergen-Kirkenes.