Kriminalteknikar på veg:

Person funne omkomen i Haram

Eldre mann vil bli obdusert, men ingenting som tyder på noe straffbart.
Nyheter

Politiet meldte først dette på Twitter tysdag:



Oppdatering klokka 12.34: Kriminalteknikar er framme på staden og gjer sine undersøkingar. Politiet har fått stadfesta id på mannen, som vil bli obdusert. Det er ikkje noko som tyder på noko straffbart, opplyser politiet.

– Vi må berre vente på obduksjonen før vi kan seie noko meir om dødsårsaka. Det var ein forbipasserande som melde inn funnet til politiet, seier etterforskingsleiar Oscar Lilleås i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.