Hugsar du kjempeblokka som landa rett føre huset til ein familie i Skodje?

Må fjerne meir stein på Glomset

Vegvesenet skal fjerne meir stein på Glomset ved Storfjorden. Det kan rase på nytt – men steinane er langt mindre enn storblokka som kom sist.

Gigant: Her, nesten på dørmatta til ein intetanande famile, enda steinen sin buldrande ferd, etter å ha rast over fylkesvegen. Den var langt større enn tohjulingen vi kan se til høgre i bildet.  Foto: Kristoffer Antonsen / NTB Scanpix

Nyheter

For ein månads tid sidan fekk ei svær steinblokk mykje merksemd i media. Då evakuerte ein familie over til besteforeldra, etter at steinen hadde landa rett føre inngangspartiet deira.