E39:

Sjekka fleire hundre bilistar i storkontroll

Politiet, Tollvesenet, Skatteetaten og Arbeidstilsynet gjennomførte storkontroll på E39 i Austefjorden i Volda onsdag. Dei aller fleste hadde alt i orden.

Førebyggjande: Politiet og ei rekkje andre statlege etatar hadde storkontroll på E39 i Austefjorden i Volda onsdag. Steven Blindheim har tru på at slike kontrollar verkar førebyggjande.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– I forhold til andre kontrollar vi har hatt er det positivt resultat. Ingen har vore påverka, og alle vi har stoppa har dokumentert førarrett, oppsummerer Steven Blindheim, politiførstebetjent og trafikkoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt.