Tvangsadopsjon stansa av Strasbourg-dom

Det starta med at ein kommune på Nordvestlandet fremma sak med sikte på å frata ei mor foreldreansvar. Saka gjekk heilt til den europeiske menneskerettigheitsdomstolen (EMD).

Kritiske: Frostating lagmannsrett kritiserer at moras funksjonsnivå ikkje vart nærare utreda.  Foto: Stig Vågnes

Nyheter

Mora gjekk til barnevernstenesta og reiste krav om samvær. Ho ville ha mogelegheit til å treffe dottera si som er plassert i fosterheim.

Barnevernet svarte med å starte ein prosess som tok sikte på adopsjon.

I desember 2017 vedtok fylkesnemnda at barnet skulle adopterast bort til fosterforeldra. Saka vart til slutt anka heilt til EMD.

Der vann mora fram. Motparten var den norske stat. Alt dette ifølge Dagbladet, som har følgt saka svært grundig.

Tvangsadopsjonen vil no likevel ikkje verte gjennomført.

«Mors interesser ikke ivaretatt»

Lagmannsretten sine fem dommarar tok EMD-dommen til følge. Dei meiner samrøystes at tvangsadopsjon ikkje er til barnets beste.

Sunnmørsposten har per no ikkje tilgang til dommen. Det har Dagbladet, som siterer:

«Slik lagmannsretten vurderer det ble det fra kommunens side på et for tidlig tidspunkt konkludert med at adopsjon var å foretrekke, uten at hensynet til barnets beste og mor ble tilstrekkelig balansert. I denne saken ble mor ikke involvert i adopsjonsprosessen på et tidlig tidspunkt, og kommunens tidlige standpunkt om adopsjon synes å ha påvirket barnevernets standpunkt til omfanget på samvær. Slik lagmannsretten vurderer det ble biologisk mors interesser ikke tilstrekkelig ivaretatt i denne prosessen.»

Får litt meir samvær

Mora får dermed behalde foreldreansvaret. Fire av fem dommarar bestemte også at mor sitt samvær med dottera skal aukast frå tre til fire gonger i året.

Mora har omsorga for to barn som ho har med ein ny mann. Barnevernet er ikkje bekymra for omsorga for desse to barna.