Inger (84) opplevde at sjukehuset ville sende henne på bussen heim i nattkjole

Inger Årflot reiste heimanfrå i ambulanse og rakk berre å få på seg ei jakke utanpå nattkjolen. Då ho skulle heim frå Ålesund sjukehus, opplevde ho å få beskjed om at ho kunne ta bussen, framleis berre i nattkjolen.

Kritisk: Inger Årflot frå Volda er kritisk til at sjukehuset ville sende henne heim frå Ålesund på bussen, i nattkjolen. Sjukehuset meiner dette skuldast ei misforståing og er lei for at det blei oppfatta slik.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Du ser no litt rart på nokon som går ute i nattkjolen. Eg ville trudd vedkomande hadde rømt frå ein institusjon, seier Inger Årflot frå Volda.