Stoppa rusa bilførar på E136

Ein bilførar blir politimeldt for køyring i rusa tilstand tysdag.
Nyheter

Politiet har stoppa ein bilførar på E136 på Nørvøy i Ålesund tysdag føremiddag.

Vedkomande blir meldt for køyring i rusa tilstand. Han hadde også med seg litt narkotika då han blei stoppa, ifølgje Twitter-melding frå politiet i Møre og Romsdal klokka 10.49 tysdag.