Festøya ferjekai:

E39: Bil køyrde av vegen i Ørsta

Ein bil med to personar køyrde av vegen ved Festøya mandag kveld. Det skal være svært glatt på staden.
Nyheter

Ulukka skjedde på E39 ved Festøya ferjekai. Ifølgje ei twittermelding frå politiet så var det to personar i bilen, begge har tatt seg ut av køyretøyet.

Ifølgje operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck i Møre og Romsdal politidistrikt så har bilen køyrd i fjellveggen ved Festøya. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade etter ulukka.

Møre og Romsdal 110-sentral melder klokka 00.15 at bilen har køyrd i grøfta like før ferjeleiet. Det skal være svært glatt på staden.

Politiet melde først at ulukka skjedde ved Solavågen ferjekai, det var ikkje riktig.