Eitt år sidan den polske kvinna forsvann i Ørsta:

Politiet vil gjere nye avhøyr i Maja-saka

Denne veka er det eitt år sidan den polske kvinna Maja Herner forsvann frå Ørsta. Om kort tid vil politiet gjennomføre nye avhøyr i saka.

FRAMLEIS SAKNA: Maja Herner (25) frå Polen vart meldt sakna 21. november i fjor. Omtrent eitt år seinare har saka enno ikkje blitt oppklara.   Foto: Politiet

Nyheter

– Vi har nokre nye spørsmål vi ønskjer å stille til nokre vitne. Det kan vere spørsmål vi ser no burde ha vore stilt til dei tidlegare, seier påtaleansvarleg Yngve Skovly.