Stor fare for nye steinsprang på Glomset

Lause blokker og steinar må reinskast vekk frå skredløp og bergvegg på Glomset. Truleg er det også behov for sikring med nett og boltar.

Kjempestein: Ein kjempestein rasa ned fjellsida og landa like ved eit bustadhus på Glomset natt til 2. oktober i år.  Foto: Kristoffer Antonsen

Nyheter

Multiconsult Norge AS har på oppdrag frå NVE vurdert skredfaren i eit område ved Glomset i Skodje kommune, der det gjekk eit steinsprang natt til 2. oktober i år. Raset gjekk ned på fylkesveg 656 mellom Magerholm og Valle, og ein kjempestein landa nedanfor vegen, like ved eit bustadhus.