Ny kontrakt til Hareid-selskap

Brønnbåtselskapet Intership AS på Hareid og Laxar Fiskeldi på Island har inngått langtidsavtale for brønnbåten «Dønnalaks».

Brønnbåt: MS Dønnalaks blei bygd i 2002 av Sletta verft AS. Fartøyet er 52 meter langt og har en totalkapasitet på 1000m3, fordelt på to brønnar.  Foto: Intership

Nyheter

– Vi har ein internasjonal strategi, og vi ser at aktørane på Island planlegg vekst, så strategisk sett er dette ei viktig kontrakt for oss, seier dagleg leiar Ole Peter Brandal i Intership AS i ei pressemelding.

Intership AS opererer i dag seks fartøy, og i juni 2020 overtar dei nummer sju.

MS Dønnalaks har sidan 2017 operert i området rundt Vancouver Island på vestsida av Canada. Ifølgje pressemeldinga vil denne operasjonen bli avslutta i april 2020, når båten startar på langtidskontrakt med Laxar Fikseldi.

Ifølgje pressemeldinga har Intership opplevd stor vekst etter at det blei etablert for under fem år sidan. Dei starta opp med å operere fartøy, som dei seinare har kjøpt.



Selskapet opererte brønnbåten Dønnalaks over ein lengre periode, før dei kjøpte båten for om lag eitt år sidan, som ein del av at Alchemy Special Opportunities kom inn som majoritetseigarar i mai 2018.


Hareid-basert selskap kjøper ny brønnbåt

«Kirsti H» blir Intership AS sin sjuande båt.