Brannmelding på Amfi Ulsteinvik

Nyheter

Naudetatane har rykka ut til Amfisenteret i Ulsteinvik etter ei automatisk brannmelding, melder politiet i Møre og Romsdal fredag 17.27. Senteret blei evakuert, og det blei meld om svilukt frå ein av butikkane.

Ifølgje politiet var det ikkje opne flammar eller røyk på staden. Svilukta vart lokalisert til ei lampe i taket i ein av butikkane.

Klokka 17.55 melder politiet at naudetatane avsluttar på staden og at evakueringa blir oppheva.