Får ikkje lenger henta søppelet ved husveggen:

Stor frustrasjon over ny søppelsituasjon i Sula

Ei ny ordning gjer at fleire innbyggjarar i Sula må gå eller køyre søppelet sitt fleire hundre meter. Det får mellom andre André Hammer til å reagere.

Her køyrer ikkje renovasjonsbilen: André Hammer i Jyljebøen i Sula meiner denne vegen utanfor huset hans er godt framkomeleg for renovasjonsbilen. Sula kommune og Årim er ikkje einige. Hammer har forbetra vegen og sagt han kan gjere endå fleire endringar på eigedommen sin om det må til, men ikkje fått positiv respons på det så langt. Hammer har også fleire snuplassar knytt til vegen som vi ikkje ser på dette biletet.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Det er frustrerande. På den eine sida har vi jo tvungen renovasjon. Samtidig må vi halde oss til kommunale pålegg, seier Hammer.