Høgare utdanning:

Avtalen mellom Volda og Bergen ikkje fornya

Ein treårig samarbeidsavtale mellom Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen gjekk ut 1. september, og er ikkje blitt fornya.

Volda: Høgskulen i Volda står no utan samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Det melder nettstaden khrono.no, som legg til at Høgskulen i Volda er etter fusjonsrunden i sektoren ein av dei minste i landet. Dei fann ingen partnar, men har dei tre siste åra hatt eit samarbeid med Universitetet i Bergen.


Professor mener strykprosenten i landet er for lav:

Høgskulen i Volda med lavest strykprosent


Samarbeid

I avtalen frå 2016 heiter det mellom anna at det vert lagt til rette for samarbeid innan både ein del samfunnsfag og humaniorafag.

På eit styremøte ved Høgskulen i Volda denne veka informerte rektor Johann Roppen styret om at høgskuleleiinga har hatt møte om mogleg nærare framtidig samarbeid med både Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Molde.


Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda:

Høgskulen føler mindre press om samanslåing

Presset frå departementet om at Høgskulen i Volda må slå seg saman med andre skular har avtatt etter at Iselin Nybø (V) hamna i statsrådstolen.


Kan bli fornya

Universitetet i Bergen har ikkje stengt døra heilt for Volda:

– Ein ny avtale med Høgskulen i Volda er noko vi ikkje har prioritert reint tidsmessig. Men eg har vorte gjort merksam på at den bør fornyast, seier Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen.