Bil på taket i Ørsta

Politiet melder om ei trafikkulykke fredag kveld.
Nyheter

Politiet har fått melding om at ein bil skal ligge på taket på Festøya, Ørsta. Det skal ha vore ein person i bilen, som no skal vere ute. Naudetatane er like før klokka 20 på veg til staden.

Klokka 20.35 melder politiet at føraren vert frakta til Ålesund sjukehus for undersøkelse.