Historisk møte:

Slutt etter 42 år som eigen kommune

Hornindal kommunestyre møttest torsdag for aller siste gong og markerte at 42 år som sjølvstendig kommune snart er over.

Historisk: Hornindal kommunestyre var samla for siste gong.  Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nyheter

– Det er ein spesiell dag på mange måtar. Mange sit med eit vemod over at vi ikkje kunne halde fram på eigen kjøl. Personleg har eg valt å gle meg over alt Hornindal har klart å få til som eigen kommune, sa ordførar Stig Olav Lødemel ifølgje Fjordingen.