Ørsta:

Delte ut fire gebyr for slitne dekk

Politiet kontrollerte over 500 bilførarar i Ørsta.
Nyheter

534 bilførarar blei laurdag kontrollert i Ørsta, i ein trafikkontroll der UP og lokalt lensmannskontor samarbeidde.

Fire fekk gebyr på grunn av for slitne dekk. Vidare blei det delt ut eit gebyr for manglande bruk av bilbelte og to mangellappar for ulovleg senking på bilane. Ein blir også politimeld for køyring utan førarkort.