– Nordfjord Kjøtt ønskjer å kjøpe Nortura sitt slakteri på Otta

Nortura har vedteke å leggje ned slakteriet på Otta og flytte verksemda til Rudshøgda. – Vi vil gjerne kjøpe anlegget, seier Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt.

Vil kjøpe: Geir Egil Roksvåg seier Nordfjord Kjøtt ønskjer å kjøpe slakteriet Nortura har vedteke å leggje ned på Otta. Her fotografert i slakteriet i Loen i samband med eit tidlegare besøk frå Kina.   Foto: BENGT FLATEN / fjordingen

Nyheter

(Fjordingen): 78 personar mister jobben når Nortura legg ned slakteriet sitt på Otta. Vedtaket om nedlegging skjedde trass kraftige protestar. Styreleiar i Nortura, Trine Hasvang Vaag, uttalte til NRK at avviklinga har eit innsparingspotensial på 30 millionar kroner.