Hektiske dagar for matbutikkane

Millionane rullar inn og maten ut frå matbutikkane no før jul. – Det er kjekt å drive butikk, men det skal bli litt godt også når desse dagane er over, seier Frank Lunde ved Eurospar på Moa.

Juleklar: Kjøpmann Frank Lunde ved Eurospar i kjøpesenteret på Moa er godt fornøgd med julehandelen så langt. Pinnekjøt frå Ringdal er noko av det som går unna no før jul.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Toppdagen for matbutikkane i år blir nok vesle julaftan, trur kjøpmann Frank Lunde som er ein av dei som har hektiske dagar på jobb før jul.