Nye vasslekkasjar stenger fødestuer ved Ålesund sjukehus

Måndag ettermiddag er tre av seks fødestuer i drift, seier konst. informasjonsdirektør Hege Hegle til Sunnmørsposten.

Lekkasje frå taket på denne fødestua ved Ålesund sjukehus.  Foto: Helse Møre og Romsdal

Janita Skogeng er avdelingssjef for fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus. ARKIVFOTO. 

Nyheter

Søndag blei det oppdaga ein ny lekkasje i taket på fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus. Dermed måtte fødestuer igjen stengjast.

– Det er no tre fødestuer i drift. To av dei er stuer som vart etablert sist det var lekkasje, opplyser Hege Hegle til Sunnmørsposten måndag kveld.

Helse Møre og Romsdal opplyser at fødande kan bli sendt til andre sjukehus. Dei som har tenkt å føde ved Ålesund sjukehus må framleis ta kontakt med avdelinga som planlagt, seier avdelingssjef Janita Skogeng.

Dei krevjande verforholda vanskeleggjer arbeid ute på taket på høgblokka, slik at det er foreløpig uklart kor lenge denne situasjonen vil vare, opplyser Helse Møre og Romsdal. Det er litt over tre veker sidan sist fødestuer ved Ålesund sjukehus måtte stenge på grunn av lekkasje i taket.

– Vi følgjer denne situasjonen tett no framover. Det er krevjande, men dei tilsette har vore veldig flinke til å tenke gode løysingar til det beste for dei fødande, seier Skogeng til helse-mr.no.