Her leitar dei etter lekkasjen på taket av sjukehuset

Det renn framleis vatn ned i fleire av fødestuene i åttande etasje på Ålesund sjukehus.

Moldskred Renovasjon er her i gang med å finne lekkasjen på taket av fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus.   Foto: Moldskred / Helse Møre og Romsdal

Nyheter

Fordi det lek vatn frå taket, er tre av dei ordinære fødestuene stengt. Sidan måndag har Ålesund sjukehus hatt to midlertidige fødestuer og berre ei ordinær fødestue.