Har studert lesarinnlegg om språk i nye Ålesund

Språkdebatt på tre ulike scener

Svært få folkevalde diskuterte språksaka i Ålesund offentleg utanfor møteromma. Og veljarane møtte i liten grad dei folkevalde på sine scener i debatten.

Ottar Grepstad har funne ut at 239 personar stod bak nær 300 avisartiklar og ei mengd innlegg i kommentarfelta i ein over fire år lang språkdebatt på Sunnmøre. Berre ein av fem debattantar var kvinne, og 14 personar stod bak over 40 prosent av stykka.  Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix

Nyheter

Dette er noko av det som kjem fram i analysen Ottar Grepstad har gjort av den offentlege språkdebatten på Sunnmøre siste åra.