Overarbeidd ferjemannskap

– Ikkje kjekt å gå på jobb

Arbeidspresset på ferjene mellom Hareid og Sulesund er så stort at matrosen ikkje alltid rekk over billetteringa. Mannskapet sjølv fryktar mest for tryggleiken.

Travelt: Ferjemannskapet klagar over travle arbeidsdagar og usikre tider. – Det er ikkje tid til å slå av ein liten prat med passasjerane å yte den sørvisen ein bør i eit sørvisyrke som dette trass alt er, seier ein av dei tilsette. Illustrasjonsbilde.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll / Vikebladet Vestposten

Nyheter

(Vikebladet Vestposten): Ferjemannskapet har vore gjennom store nedbemanningar, og fleire skal det bli. Dei går frå 20 til 10 matrosar på dei tre ferjene mellom Hareid og Sulesund. Dei skal gå vakter på 14 timar og vere mykje aleine på jobb som matros. - Det blir lange vakter å gå aleine, særleg slik som vêret har vore i det siste, kommenterer ein matros til Vikebladet Vestposten. Vedkomande fortel vidare at dei må prioritere om dei skal ta seg av billetteringa, eller ta seg av andre oppgåver som høyrer jobben til.