Hellesylt:

Marthe og Kim Sture kom heim att

Kom heim, lokkar kommunar og fylkeskommunar, men altfor få har gjort som Marthe Hjellbakk Hole og Kim Sture Flo: Flytta heim og bygd seg hus.
Nyheter

Eit par dagar før jul, 21. desember, kunne paret endeleg flytte inn i det nye huset sitt i Solvegen høgt over Hellesylt. To livlege barn, Alma på fem og Henrik på tre, held framleis på med å utforske den nye heimen deira.