Volda sjukehus:

Fødselstal mot straumen

Fødselstala i landet går ned. Ved Volda sjukehus går dei derimot opp; Anniken Berknes Otterdal og Kai Arve Melle frå Ørsta er blant dei som har bidratt til det.

Nybakte foreldre: Kai Arve (36) fortel at han lenge var ungkar, fram til han møtte Anniken. Ho er 29 år. Det er gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande kvinner i Norge.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Det er tysdag 7. januar og det bles kraftig. Kai Arve er på jobb i Ålesund. Han kan ikkje utelukke at Anniken vert klar til å føde i dag. Han ser at nokre av ferjeavgangane mellom Solavågen og Festøya er innstilt. Ingen grunn til å vente til ettermiddagsrushet. Her er det berre å skunde seg heim att.