Bebuar vart flytta frå regnvått rom:

Rådmann vil tette taket som lek

Ein bebuar som i månadsvis har budd under eit tak som lek, er no flytta over til eit ledig rom på Godøy og Alnes bukollektiv. Rådmannen leitar etter pengar til å reparere taket.

Godøy: Godøy og Alnes bukollektiv i Giske kommune har 12 plassar i bukollektivet og ein omsorgsbustad i kjelleren, samt kontor for heimebasert omsorg.  Foto: Giske kommune

Nyheter

Sist veke skreiv Sunnmørsposten om lekkasjar frå taket på Godøy og Alnes bukollektiv, der regnvatn i fleire månader har funne vegen inn på eitt av pasientromma og i andre delar av bygget.